|
Velkomen på fiskefestival og dans laurdag 31. juli!
Fiskefestivalen startar med fiskekonkurranse på føremiddagen. Ein kan delta både med båt eller fiske frå kaien og vinne fine premiar i ulike kategoriar (største fangst, største og minste fisk osv.). Påmelding og premieutdeling er på Holmakaien, Glesvær kafé. Her er det også sving i utegrillen på festivaldagen, så ein kan nyte grillmat etter fiskinga.
Fiskekonkurranse frå kl. 12.00 - 15.00
Påmelding frå kl. 11.00
STOR festivaldans på Huset!
Dei lokale "Kokkelurana" spelar. Sal av øl og vin.
Dørene opnar kl. 21.30
Festivalplakaten 2009 (pdf)
|