Vetenløpet hadde tjueårsjubileum i 2020! Det blei siste løpet. Takk for oss!
Takk til deltakarane, sponsorane, bollebakarar, løypemerkarar og elles hjelparar! Løpet har vore eit samarbeid mellom Glesnes ungdoms- og idrettslag og Sotra Øygarden turlag. Sidan vi ikkje kunne arrangere løpet på vanleg måte, inviterte vi alle til å bli med på feiringa ved ta den flotte turen når dei ønska, mellom 15. juni og 15. september 2020, og registere besøket i DNT SjekkUT (gratis for medlemmar og ikkje medlemmar av Den norske turistforening).
Laila Klemetsaune fekk flest turar med tjue turar i perioden. Ho tok enno ein tur for å motta premien frå oss. Ragnhild Korneliussen mottok også ein premie frå oss for å ha vore med på alle tjue løpa.
I tillegg trakk vi ut små og store premievinnarar blant deltakarane. Sjå trekkingsfilm på Facebook-sida vår.
Løyperekordane har Håkon Landro på tida 14.36 og Eli Anne Dvergsdal på tida 16.41.
Sponsorar: Glesvær kafè, Sotra fiskeindustri AS og Bogen fiskeri AS.
Vetenløpet blei første gong arrangert i 2000.