Stiprosjekt


Ny sti ved Spildepollen skule
Hausten 2018 er det sett i gong eit arbeid av Glesnes ungdoms- og idrettslag for å få til ei rundløype i området ved Spildepollen skule. Løypa er førebels planlagd 1,4 km lang, men ein ønskjer å få til ein sti på 3 km, også med lys om vinteren.

Nordøyna
I samband med Strilaman Swimrun som blei arrangert for fyrste gong i 2017, blei det rydda og klipt til ein sti i terrenget på vestsida av Nordøyna ut til fyret. 
Stien er til glede for mange turgåarar. 

 

Vødlastien
I 2016 blei 
Vodlavegen og Porsvikavegen knytta saman med Vødlastien. Stien med grus og trebruar er flittig i bruk dagleg av mange turgåarar.
Dugnadsprosjektet var omfattande, frå den første klippinga og utforminga av stien, til  det blei kjørt ut 140 tonn grus hausten 2016 og seinare når trebruane kom på plass.  Her er også to flotte benkar du kan ta deg ein kvil på. Den eine er sponsa av Trigger. Den andre av Malene og Malfred Telle, og Karen Margrethe og Arne Olav Nilsen. 
For å få til dette prosjektet blei vi generøst sponsa av Loxam Rental avd. Bergen, Bogen fiskeri AS, Ramirent, Nic Jacobsen Entreprenør AS, Veidekke og Sotra Hus. 

Stien blir halde ved like på dugnad om vårane. Hiv deg med på dugnadsarbeid når invitasjonen kjem på facebook-sida til ungdomslaget! God trim, sosialt og triveleg :-) 

 

 

Stien på veststida av Nordøyna

Stien på veststida av Nordøyna

Vødlastien

Vødlastien

Vødlastien med flotte benkar.

Vødlastien med flotte benkar.