Revy

Det blir jobba med ny revy! Har du lyst å bidra på ein eller annan måte? Skriving, framføring, scenearbeid, kostyme, filmsnuttar, kulisser, musikk, animasjon, dans, noko heilt anna? Ikkje nøl med å ta kontakt med Laura Hevrøy Telle: 91692178 eller Eivind Mortensen: 95744299

Glesnes har rike revytradisjonar og har satt opp ei rekkje framsyningar til stor glede for eit breitt publikum i og utanfor regionen. På julebordet er det også ei lita framsyning til glede og latter for gjestane. 

I 2019 var teaterlaget aktuell med "Sundefloden" - heilt ny revy i ei heilt ny tid. Framsyningane var utselde med ståande applaus og jubel. 

I januar 2020 blei fleire av revynummera framført under den store feiringa av Øygarden kommune i Sotra arena.