Glesværløpet

Bli med på Glesværløpet den siste søndagen i oktober!

Ei fin haustoppleving for små og store, mosjonistar og konkurranseløparar. Løypa er 4.3 km og går rundt i kystmiljøet på Glesvær mellom gamle naust, på velbrukte gardsvegar, litt asfalt og litt sti. Du kan konkurrere på tid eller gå i turklassen og vere med på løyperebusen til Sund turlag. Løpet starter og ender ved Glesvær kafè, med påmelding og premieutdeling i naustet til Bakke. Parkering på baksida av kafeen. 

 

Alle får saft og deltakarpremiar når dei kjem i mål, og det blir også trekt ut premiar på startnummera.
Løpet er eit samarbeid mellom Glesnes ungdoms- og idrettslag, Sund turlag og Handelstaden Glesvær.  
Sponsorar er Glesvær rorbuer, Glesvær kafè, Sotra fiskeindustri og Bogen fiskeri A/S.

Påmelding frå kl. 11.30 i naustet til Bakke ved Glesvær kafè.

START:
* Kl. 12.00 Felles oppvarming utanfor naustet til Bakke,
BlimE-dansen
• Kl. 12.15 Turklasse
• Kl. 12.45 Konkurranseklasse ungdom (opp til 15 år)
• Kl. 13.00 Konkurranseklasse vaksen

Tema for BlimE 2018 er å sjå kvarandre, og å tørre å stå opp for kvarandre og seg sjølv. Her finn du dansen: 
https://tv.nrksuper.no/serie/blime/MSUB04000818/29-06-2018


Vi har Vipps: Glesnes Ungdomslag #508246

Konkurranseklasse
Vaksne: kr. 200,- 
Ungdom t.o.m. 15 år: 150,-

Turklasse
Vaksne: kr. 70,-
Barn: kr 50,-


Deltakarpremiar til alle. Trekking av premiar på startnr. og på turlagets turtipp. 
Premiar i konkurranseklasse for vaksne:
1. Gåvekort på kr. 1200,- Glesvær kafe
2. Gåvekort på kr. 600,- Glesvær kafe
3. Gåvekort på kr. 400,- Glesvær kafe

Premiar i konkurranseklasse unge:
1. Gåvekort på kr. 600,- Glesvær kafe
2. Gåvekort på kr. 400,- Glesvær kafe
3. Gåvekort på kr. 300,- Glesvær kafe

Visste du at lag og foreninger må betale lisens til Norges Friidrettsforbund for å arrangere mosjonsløp? Deltakaravgiften på løpet gir ikkje overskot til laget. Målet er å ha eit kjekt arrangement for små og store.

Alle arrangementa til ungdoms- og idrettslaget er basert på frivillig innsats. Ta gjerne kontakt om du ønskjer å vere med :-)

Glesværløpet blei første gong arrangert i 2003.

Løypekart

Løypekart

Sterke løpetider og deltakarrekord med 175 deltakarar på Glesværløpet 2018. Bilde over: vinnarane i konkurranseklassane

Sterke løpetider og deltakarrekord med 175 deltakarar på Glesværløpet 2018. Bilde over: vinnarane i konkurranseklassane