Glesværløpet

7. november gjekk Glesværløpet av stabelen for 20. gong. Hurra for oss! 99 deltakarar fekk med seg jubileumsløpet i nydeleg haustvær. Marius Sørli satte ny løyperekord med tida 13.46! 

Sjå resultatlista her. 

 

Løypa er 4.3 km og går rundt i kystmiljøet på Glesvær mellom gamle naust, på velbrukte gardsvegar, litt asfalt og litt sti. Løpet starter og ender ved Glesvær kafè. Premiar og god stemning. Løyperebus ved Sotra Øygarden turlag. 

Startkontingent førehandspåmelding: 
Konkurranseklasse: Vaksen kr. 200,- Ungdom kr. 150,- 
Turklasse: Vaksen kr. 70,- Barn kr. 50,-

Påmelding ved start:
Konkurranseklasse: Vaksen kr. 250,- Ungdom kr. 200,- 

Glesværløpet er eit samarbeid mellom Glesnes ungdoms- og idrettslag, Sotra Øygarden Turlag og Handelstaden Glesvær. Løpet er sponsa av Glesvær rorbu, Glesvær kafè, Sotra fiskeindustri, Bogen fiskeri AS


Utlevering av startnr.: kl. 11.45
START: Turklasse 12.15. Konkurranseklasse ungdom (t.o.m 15 år) kl. 12.45, vaksne kl. 13.00

Premiar ungdom:
1. premie, gåvekort kr. 600,- på Glesvær kafé
2. premie, gåvekort kr. 400,- på Glesvær kafé
3. premie, gåvekort kr. 300,- på Glesvær kafé


Premiar vaksne:
1. premie, gåvekort kr. 1200,- på Glesvær kafé
2. premie, gåvekort kr. 600,- på Glesvær kafé
3. premie, gåvekort kr. 600,- på Glesvær kafé
Gåvekorta er delvis sponsa av Glesvær kafè


Ny løyperekord herre- og dameklassen: kr. 2000,-

Løyperekorden i herreklassen har Marius Sørli, på tida 13.46 (2021) og i dameklassen Eli Anne Dvergsdal på tida 15.48 (2017). 

 

I 2020 kunne turklassen delta når dei sjølv ønska i helga 7. - 8. november og 85 deltakarar var med i det flotte været. Sjå bilder og trekkingsfilm på Facebooksida vår.  

Her finn du resultatlista for 2019.


Ei fin haustoppleving for små og store, mosjonistar og konkurranseløparar. Løypa er 4.3 km og går rundt i kystmiljøet på Glesvær mellom gamle naust, på velbrukte gardsvegar, litt asfalt og litt sti. Du kan konkurrere på tid eller gå i turklassen og vere med på løyperebusen til Sund turlag. Løpet starter og ender ved Glesvær kafè, til vanleg med påmelding og premieutdeling i naustet til Bakke. Parkering på baksida av kafeen. 

 

Visste du at lag og foreninger må betale lisens til Norges Friidrettsforbund for å arrangere mosjonsløp? Deltakaravgiften på løpet gir ikkje overskot til laget. Målet er å ha eit kjekt arrangement for små og store.

Alle arrangementa til ungdoms- og idrettslaget er basert på frivillig innsats. Ta gjerne kontakt om du ønskjer å vere med :-)

Glesværløpet blei første gong arrangert i 2001.

Løypekart

Løypekart

Sterke løpetider og deltakarrekord med 175 deltakarar på Glesværløpet 2018. Bilde over: vinnarane i konkurranseklassane

Sterke løpetider og deltakarrekord med 175 deltakarar på Glesværløpet 2018. Bilde over: vinnarane i konkurranseklassane